Besta er ei skikkeleg "strikkebesta", og strikkar det eine plagget etter det andre til smågulla våre. Det er så kjekt å få, og eg skulle så gjerne ynskje at eg var like flink til å strikke. Idag har ho forresten bursdag også, så vi nyttar høvet ti å gratulere verdens beste besta med dagen. Du og kongen idag, mamma!
Mariell prøvar ny strikkadress og lue.
Ein liten aketur før Mariell fekk sitte godt og varmt oppi vogna. Det er fine vinterdagar, men litt kaldt for dei minste.
Må få slenge med eit lite bilete til slutt av den rampete karen som testa sminka mi her ein morgon...fin og svart rundt augene og glinsande i kinna kom han traskande...jaja, er ikkje ofte badgolvet er vaska før kl 8 på ein laurdagsmorgon...
4 kommentarer:
Kjempefine strikkaklede,for ei kjekke besta dei he :)
Kor heldige de er som får slike flotte strikkakle! Nydelege :)
Dinna dressen va kjempefine!!! Litt mariusmønster i na? He ei kjekke strikkebesta her me også. E so kjekt! :0)
"Strikkebesta" e gode å ha:)
Kjekt å sjå bilde ta begge godingane, gleda oss til å møtes en dag!
Legg inn en kommentar