Etter at vi har hatt ein vinterferie som ikkje vart heilt som planlagt, var det godt med ein bursdag no rett etterpå. Vi er på beina igjen, både store og små, etter ei strid sjukeperiode siste vekene. Godt å sjå at Marius er tilbake for fullt, og Mariell kjem seg litt for kvar dag, men har eit lite stykke igjen. Det tek på å gå lenge utan mat, så det er rart kor mykje eit virus kan gjere med ei lita jente. Nokre kilo lettare og litt spak enno, men vi gler oss til å få att fantesmilet og godlatteren.
I dag er Marius 3 år. Stor gut. Plutseleg...
Tida har gått så fort, og det er med eit litt frynsete hjerte eg på ein slik dag ser tilbake på dei siste tre åra, dei tre beste åra i mitt liv. Tenk at vi har vore foreldre i 3 år.
Gode guten vår, som alltid er blid og god. Glad i mat, og glad i å arbeide. Flink til å hjelpe pappa, og flink med Mariell. Kor vi gler oss til å sjå deg vekse opp, guten vår!
Han har feira dagen sin i barnehagen idag, og kom stolt heim og fortalt om kruna han hadde fått, og at dei hadde både tent lys for han, hengt opp flagg og sunge bursdagssong.
Fredag skal vi ha eit lite barneselskap, og så skal vi ha familieselskap litt seinare. Marius posta invitasjonar i posten i dag, og han gled seg veldig.
Ein fornøgd kar her, som har fått seg traktor med lesseapparat, caps og arbeidshanskar.
Marius pakka alle smokkane sine i ein pakke idag tidleg og sende dei til smokkariumet til Kaptein Sabeltann.
Det har vi snakka om lenge, at når han vert 3 år skal vi sende smokkane, så det trur eg han var klar for. Spørs når han oppdagar at han ikkje får ha smokk om natta no då..men det går seg nok til.
GRATULERER MED DAGEN, MARIUS'EN VÅR!!
Vi er så glade i deg!
2 kommentarer:
Gratulere so mykje med dagen, Marius! For en stor og flott gut du e!! :) Ikkje rart mamma og pappa e so stolte over dej og so glade i dej!
Gratulerer med dagen til gode guten! :D
Legg inn en kommentar