Etter fleire utsetjingar (pga meir sjukdom) fekk Marius endeleg feire 3-årsdagen ilag med si næraste familie. Han gledde seg stort til denne dagen, og han tok med seg gjestane på loftet etter tur, for å syne fram "storetraktoren" som han hadde fått.
Onkel Svein Ivar har eit godt lag med ungar, og både Marius og Mariell gledde seg til at han skulle kome. Ser ut som Mariell kosar seg her.
Marius vart sittande i fanget til onkel og sjå på bilete, men etter ein travel dag med mykje venting og mange gjestar og inntrykk, sovna Marius til slutt i fanget, og det var berre for mamsen å bære Marius ut i senga si.
Ein kjekk dag for Marius, og kjekt å få samla alle saman igjen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar