søndag, april 24, 2011

Påska 2011.

Denne ferien hadde vi som mål å halde oss friske. Sett vekk i frå litt rennande nase og hoste har vi vore i fin form, og denne ferien har vore ti gongar betre enn vinterferien var. I tillegg har vi fått gjort så mykje kjekt!!
Vi har fått treffe gode vener, ete god mat, vore på fine turar, og ikkje minst kosa oss heime i strålande veir!
Påskeveiret har gått i frå kaldt og grått med regnkle og ullundertøy eine dagen, til sol og 20 varmegrader og shorts neste dag. Skikkeleg temperatursjokk kan ein seie, og våren er verkeleg komen!!
Ungane har vore ute frå tidleg morgon til leggetid, og dei har stoooorkosa seg.
Mariell har fått sine første (5-6) skrubbsår, og Marius har tissa ute og gått med truse (uten bleie)!
Denne fantejenta har vorte litt av ei pratebøtte i det siste. Skravlar og tek oppatt alt vi seier, og nokså høglydt også. Her "kranglar" ho med meg fordi eg seier at ho ikkje har lov til å trykke på datamaskina. "Nei", seier eg. "Jau", seier ho, og sånn held vi på...har vorte ein leik for ho, så å få ho til å lyde eit "nei" er ikkje så lett....

Vi var så heldige å få oss ein tur til Godøya på besøk til Britt Elin, Karl Oskar og Mikal. Med på turen var gode lærarskulevenninner, og borna deira. Vi kosa oss ilag og grilla i fjøra.

Ei som likar å vere ute.

Fredag var det "Påskerebus" på Sæbø. Utfordrande å ha med to som går i kvar si retning. Godt å ha vogn, sykkel og to stødige besteforeldre til å hjelpe til då.

Heile følget..

Så kjekt at Lene, Torbjørn og Leah også var i lag med oss denne dagen.

Mariell fekk prøve "sykkelen" til Marius for første gong, og det vert nok ikkje siste for å seie det sånn...

Marius fekk kvile føtene litt på "høgenhest" med besten.

Hm....rebusen var ikkje lett....varierte spørsmål, og også litt for dei minste. Bra å ha med 3-4-åringar på laget når spørsmåla handlar om Pippi Langstrømpe.

Det var kjekt å balansere på kyrkjemuren, så det var vanskeleg å få alle på same biletet.

Gode storebroren...

Ei stødig bestefarhand passar på lisjegullet så ho ikkje dett ned.

Då er det snart siste dagen i ferien, og kvardagen nærmar seg fort. Synd at tida går så fort når det er kjekke dagar.
Det positive er at dagane er lyse og lange, så vi får nyte ettermiddagane så godt vi kan framover.
For ei hærleg årstid våren er!!

4 kommentarer:

Livets landeveg sa...

Kor kjekt å sjå bilde ta golla! Dei eno berre heilt hærlige <3

Åse-Lill og Runar sa...

Kjekt med ferie og påske.. kjenne det vi ikkje e heilt klare for kvardagen igjen endå.. :)

Solveig sa...

Mange flotte bilde. Va kjempekjekt å sjå dåkke igjen på Godøya. Gle mej te ho Britt Elin invitera alle på feriehuset på Haram i sommer, hihi :) E so deilig med VÅR og lange lyse daga - heilt enig!

Randi sa...

Ser ut som de har hatt ei hivens påske, godt at de heldt dokke friske også :)