Marius var sjølvsagt sjuk, igjen, og denne gongen så han nesten ut som eit romvesen på halsen. Han fekk feber torsdag, hovna opp og fekk vanvittig hovne kjertlar/mandlar. Vi reiste til lege og sa vi skulle reise vekk i helga og ville sjekke at det ikkje var halsbetennelse eller noko slikt. Vi fekk beskjed om at det ikkje var spesielt gale, og at det var berre å reise. Då vi reiste fredag hadde Marius over 40 i feber, og vi var usikre på om det heile var ein god idé. Laurdag morgon fann vi det lurast å snakke med legevakta, for vi syntest han var unormalt mykje hoven. Etter ein biltur på 40 min for å kome til Eid, fekk vi påvist halsbetennelse og litt streptokokkar i halsen. Legen sa at han aldri hadde sett noko så ekstremt før då han så halsen/nakken til Marius. Stakaren, som var blid og tapper heile tida. Han fekk seg ein skikkeleg antibiotikakur som han skal gå på i ti dagar no, og vart raskt betre etter å ha fått i seg dei første dosane.
Henriette har vorte stor jente, og fyller snart 1 år. Ikkje lenge før ho går heller. Nusselege jenta.
Tripp, trapp, tresko.
Oliver, Henriette og Mariell.
Og så måtte vi sjølvsagt bade!
Fleire som likar å bade;-)
Samla rundt bordet. Koseleg å vere mange ilag.
Mariell og Henriette med kvar si datamaskin. Skal tidleg krøkast...
Rakk såvidt ein liten tur ut også. Mariell var skummelt rask til å nå toppen på sklia.
Farleg frøken dette her....
Takk for ei koseleg helg i lag alle saman!
Håper vi får vere friske alle mann neste gong vi er samla.
1 kommentar:
Kjekke bilde Anette! :) Takk for ei kjekke helg.. :)
Legg inn en kommentar