![]() |
| Biletet er lånt her: www.supermamma.net/ |
Jaja, vi får prøve, tenkte eg, og var vel heller litt i tvil om det ville vare så lenge før han ombestemte seg. Sist gjekk det ein liten time før han tissa seg ut, og skulle ha bleie igjen.
Men, denne gongen var det annleis. Første dagen var det ingen uhell, og andre dagen gjekk det bra heile dagen i barnehagen, og heilt til kvelden, rett før han skulle legge seg. Men sjølv etter uhellet er han fast bestemt på at han ikkje vil ha på bleie. Han er sint på meg om morgonen fordi han vaknar med bleie. (Som eg har hatt på etter at han sovna...)
Det er svært å få skvette ute i buskene og å springe inn på do. Vi har kun eit lite problem....
Bommelom. Men det kjem nok det også etterkvart.
Det slo meg plutseleg for ein stor gut vi har i hus no,...hm..og kor stolt eg er av at han er over i ei ny epoke. Bleiefri. Seier over bleien! 1-0 til Marius! No er det berre å få Mariell til å slutte også...hadde vore fint, men er vel kanskje å håpe på for mykje. Neste sommar kanskje...?

2 kommentarer:
Gratulerer med seieren, Marius! :D Herlig når milepælar vert nådde, og meistringa gleder og styrker!! Godt jobba til mutter`n og fatter`n også ;) God helg i sola, no er det berre å skvette i veg! :D
So flink han e! Her i huset håpe oss på at sommeren skal bli bleiefri (etterkvart i allefall). Han e ikkje spesielt interessert i det akkurat no, men det bli vel ;)
Legg inn en kommentar