Etter at eg kjøpte meg nytt kamera til jul har det irritert meg litt at eg aldri har kara meg ut for å eksperimentere meir med det. Stativ har eg også fått, så alt har lege til rette for at eg kunne ta "røykbilete". Det er så stilig at det går an få til nettopp dette, men eg har aldri fått prøve det skikkeleg sjølv, før no.
Her ein kveld rigga eg meg til attmed Kvistadbrua, og knipsa nokre forsøk. Har triksa og miksa litt med dei etterpå, og fann til slutt noko som kunne sjå ok ut, så tenkte eg ville dele mine første spede forsøk på å ta bilete av vatn med lang lukkertid.
3 kommentarer:
synst ditta vart veldig bra ej Anette. Likte spesielt godt fyrste bildet. Likna litt på eitt so ho Bjørdalsbakke tok på mosetra. :)
Kjekt å leike seg, eg burde ha vore meir flinke eg også, men det erte liksom ikkje ...)
Asbjørg
Veldig fine bilete,Anette! Eg likte beste det nederste, eg :) Heldige som har slikt utstyr :)
Veldig fine bilete,Anette! Eg likte beste det nederste, eg :) Heldige som har slikt utstyr :)
Legg inn en kommentar