8. mai var det klart for feiring av Simon. Då har Jan-Olav og Ragnhild plutseleg tre vaksne "born". Dagen var ein av dei flottaste vårdagane vi har hatt i år, og temperaturen var fin, litt for fin eigentleg, for det vart heitt å gå i bunad. I kyrkja har dei siste åra hatt videooverføring i kjellaren, så vi fekk sjå på storskjerm kva som føregjekk oppe i den stappfulle kyrkja. Veldig greitt for oss med små ungar. Mariell sov seg fint gjennom heile seremonien i vogna si, og Marius fekk sitte på første rad og sjå etter Simon på TV. Midtvegs måtte vi ei runde ut på do også, så då var det greitt at vi ikkje sat midt i folkemengda oppe i kyrkja.
Litt bilete frå dagen må vi sjølvsagt ta med:
Prosesjon.
Simon nr 2 i rekka.
Blid konfirmant.
Audun i bunad for første gong. Marius med ny (kjøpt) bunad, Mariell i flott strikkabunad.
Besta, Marius og besten utanfor kyrkja.
Jan-Olav og Ragnhild hadde konfirmasjonen heime. Vi var mange, men der var god plass, og alt gjekk kjempefint. Sporty og triveleg å ha heile selskapet heime.
Ein fin bukett. Christina, Ragnhild, Jan-Olav, konfirmanten og Daniel.
Familiebilete. Måtte prøve å forevige oss når alle var stasa opp i bunad. Ikkje så lett, men....
Ein annan fin bukett. Kjell-Einar, Janne Gerd, Eskild, Mathilde og Vetle Johan.
Etter ei stund i finstasen fekk ungane bytte til litt lettare kle, og fekk boltre seg i hagen med ball og trampoline. Ein skikkeleg flott dag vart det!
1 kommentar:
Ser ut som ein kjekke dag! Kor heldige de er som får ta familiebilete i bunadar alle saman... ;)
Legg inn en kommentar