Vi fekk nokre fantastisk flotte dagar tidleg i mai, og jomfrubadet utendørs har vi alt hatt.
Våre to som elskar å plaske og skvette med vatn som fekk låne mamma sin gamle gummibåt fram på dalen.
Sommaren var ikkje heilt klar for oss endå, så vi har fått litt regn no siste vekene. Ein fuktig tur rundt Bjørdalsvatnet var friskt og gjorde godt. Jammen kom mamsen seg på film også. Mariell gjekk nesten heile vegen rundt sjølv, og vart kjempeivrig då vi fekk følgje av ein sau med to små lam.
Vårt vesle fadderbarn, Henriette fylte 1 år i mai, og vi fekk kome i selskap for å feire. Bursdagsbarnet hadde funne ut at dette var ein fin dag å "sleppe seg" på, så det vart mykje knipsing og filming av dei første sjarmerande stega over stovegolvet. Åse-Lill er også fadder, og fekk seg ein skikkeleg kos me Henriette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar