tysdag, juni 28, 2011

Pinsemarknad og tur inn i Kvistaddalen

2.pinsedag brukar det å vere pinsemarknad på ungdomshuset i Åmdalen. Der er det grilla gris, tombola, leikar og konkurransar m.m. I tillegg er det lagt opp til at ein skal gå rundt Vatnevatnet. Dette har vi vore med på siste åra, og denne dagen klaffa veret også, og det vart ein kjempefin tur. Det er ikkje heilt å anbefale for barnevogner, men vi trossa den vesle vegen med skog og bar vogna, slik at Mariell fekk ein behageleg tur. Ho var ikkje heilt i form denne dagen, så det var nok det luraste.
Her er vi komne inn til Vatnesanden, og der er det gratis saft og sveler til alle. Marius var veldig klar for pause der, og elles var det mykje spennande å sjå på den ca 7 km lange gåturen rundt vatnet. Tok ikkje så mange bilete akkurat, for det var travelt nok å få med seg vogn og to småtroll. Eg var godt hjelpt heldigvis;-)

Etter pinsemarknaden måtte vi ein tur inn i Kvistaddalen for å sjå på "mø'ane" hass pappa, som akkurat har fått kome på sommarbeite.

Marius er heilt i hundre der inne. Elskar å leike seg med vatnet som renn forbi, og kaste stein uti.

Og her er ei som skal gjere alt som broren gjer...

Kaste stein.

Viktig med applaus til seg sjølv.

Pappa hentar mjøl med gode hjelparar.

Viktig å få halde i trillebåra, slik at ein hjelper til i vertfall litt...

Fornøgde med serveringa, ser det ut til.

Redd? Skeptisk? Neeee...
FULL FART!! 

Ingen kommentarer: