Mariell veks og vert meir og meir sjølvstendig. Ho har sterke meiningar denne tutta vår, og veit korleis ho skal ha det. No er det å ete sjøl som er tingen. Ho får det til, og ho har godt "matavét". Og rote, ja, det kan ho!
Yoghurt er ein favoritt....
...for då vert det alltid litt vasking og rydding etterpå...
Utendørs er det mykje som må utforskast. Marielle er så glad i dyr, og med besta er det så mange. I glas vél og merke, men det er vi ikkje så nøye på.
Her får "pip-pip'ane" litt pass og pleie.
Tok oss ein tur oppi "Brunevegen". Denne vegen har eg gått mykje sjølv då eg var lita, men no var det lenge sidan sist. Marius og Mariell er glade i å gå tur, og det skal verte kjekt å få ta dei med på fjellet i sommar.
Sidan det var langhelg denne helga, bestemte vi oss for å ta turen til Dønfoss Camping i Skjåk og prøve ut litt campinglivet. Per Helge har kjøpt seg ny campingvogn, og skulle ha gamlevogna oppatt til Ørsta. Den har vi vore så heldige å få låne litt, slik at vi kan teste om camping er noko som fell i smak for dei små.
Her sit ei litt trøtt Mariell, klar for middagsluren sin. Ho hadde det kjekt på tur, vart litt redd om natta, men kosa seg om dagen.
Marius sov som ein stein heile natta, og var heilt klar for ei natt til.
Medan vi var på Dønfoss, var også Jan-Olav og Ragnhild, Daniel og Simon der, for å byggje ny platting til vogna si. Dei har hatt fast plass på Dønfoss i fleire år, og no skulle dei flytte vogna til ein ny plass. Difor var også besten her for å hjelpe til litt med snikringa. Jan-Olav fekk uventa mykje hjelp i tillegg, for Mariell var ein reser på å dele ut skruar. Med det same plattingen var stor nok til å få plass til ein benk, laga vi til grillmat og åt middag der.
Per Helge, Elisabeth, Kristian og Frank Robin var også på Dønfoss for å spikre platting til nyeplassen og nyevogna. Vi fekk sette gamlevogna attmed også.
Platting og grilling;-)
Eg tok ikkje så mange bilete i helga, så dette var det eg hadde. Var igrunnen travelt opptatt med å sjå etter ungane, for å vere heilt ærleg, så eg gløymde å leite fram kameraet.
Til slutt må eg ta med eit bilete av Mariell som kosa seg i sandkassa på Hjørundfjorddagane igår.
Som Bondalingar flest hadde vi våre oppgåver under arrangementet, så campingturen måtte avsluttast laurdag for å rekke heim til vaktene våra starta. Eg skulle bake kake og levere, ei kake som eg presterte å miste/øydelegge rett før eg skulle gå ut døra, typisk meg, og så skulle både eg og Audun ha kvar si vakt på søndagen. Audun starta tidleg som parkeringsvakt, og eg stod nokre timar i grillbuda etterpå. Ungane kosa seg og hadde det kjekt ilag med andre fornøgde ungar. Flott program på scena og mange fine utstillarar var det også. Og heldigvis var vi heldige med vêret. Det har nesten alt å seie.

2 kommentarer:
Kor artig med oppdatering frå dokke! Ser ut som de har hatt kjekke dagar. Mariell har ei som liknar på seg her i huset også.. bestemt, handlekraftig men flink å rydde etter seg ;) Klem
Søte unger :-)
Vil spise selv - kjekt :-)
Når jeg så campingvognene , begynte jeg å glede meg til å resie på ferie i vår campingvogn :-)
Legg inn en kommentar