Vi heiv oss rundt, fann kostyme i ein fei, og reiste fram. Me kom litt tidleg (trudde me var seine, som vanleg), og det vart litt å vente, men det kom mykje folk til slutt, og det var veldig kjekt. Ungane storkosa seg, og sjølv om me hadde lite grillmat med oss (trudde ikkje at det var sånn opplegg....) så fekk ungane både pølser og sjokolade, og hadde det heilt hivens. Til slutt var Marius så trøtt at han nesten ikkje klarte å stå oppreist lenger, så då måtte me takke for oss, to timar etter leggetid. Men dette var skikkeleg kjekt, og absolutt noko me må få til neste år også.
Dalmatiner-Marius
To "grillarar" med bålet i bakgrunnen.
Heile "bølet" samla. Mange barnevogner, så kjekt å sjå;-)
Blidingen sjølv, mr. Oliver Leknes Kvistad.
Ei lita kaninfrøken. Litt sjenert i starten, men det brukar ikkje å vare lenge. Fantesmilet kom fort på plass ja.
Takk for ei kjekk jonsokfeiring til alle som var der. Supert initiativ;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar