På slutten av skuleåret var det avslutningstur for 6. og 7. klasse på jobb. Tredagers overnatting på Yksnøya. Med fjøs, jobb og to ungar åleine kunne det verte i meste laget å klare for Audun når eg skulle på tur, men vi fekk ordna det slik at eg fekk fare heim første kvelden, og då eg reiste ut neste dag, tok eg med meg Marius.
Marius fekk då vere med på tur heile dagen i lag med 6. og 7.klassingane, og så fekk han sove i lavvo attmed oss til dagen etterpå. Det var stoooor stas, kan de tru!
Her er vi komne ut på øya, klare for litt sightseeing.
Øyvind, som var ansvarleg for opplegget på turen, fortalde elevane om korleis det var i gamledager då det budde folk fast på øya.
Og for eit nydeleg veir vi hadde!!
Vi spaserte til andre enden av øya, der fuglane hekkar, og vi fekk sjå både reir med egg i, og små fugleungar.
Og plutseleg vart vi litt svoltne;-)
Det var berre å nyte utsikta.
Elevane vart delte inn i lag første dagen, og fekk mange utfordringar. Her har dei laga seg pil og boge, og avslutta med å konkurrere i kven som skaut lengst.
Andre oppgåver var: vardebygging, saging av stokkar, finne jordnøtter, kaste stein i bøtte, slå spiker i bjelke m.m.
Elevane storkosa seg heile turen, og var så utruleg kjekke å ha med seg.
Marius har vore og fylt vatn på flaska si. Spennande med krane utandørs, så drikkeflaska vart ofte tom....
Til slutt var det ein sliten gut som sovna i soveposen sin, i fjøresteinane;-)
Og han sov som ein stein til kl 07.30.
Grei kar å ha med på tur, med andre ord.
1 kommentar:
Marius altså <3
For en flott gutt! Helt hærlig å ha med seg da!!!!!!!!!
Legg inn en kommentar