Etter ei lang bloggtørke har eg no endeleg tenkt å koble meg på igjen. I sommar streika datamaskina mi, og sidan det er så mykje anna å finne på om sommaren har ikkje data vore prioritert. Eg var på Elkjøp for å kjøpe ny data for ei veke sidan, og då eg kom heim med den så fann eg ut at den ikkje virka slik den skulle. Etter å ha levert den tilbake og fått ei ny, som eg no trur skal vere bra, så gjenstår det å få overført litt bilete og program på den før eg får publisert siste oppdateringane her.
Imorgon startar skulane på att, og eg skal ta imot 13 spente 6.- og 7.-klassingar. Kjenner eg er ganske spent sjølv også. Er alltid noko spesielt med første dagen etter ferien. Mange har vokse mykje, forandra seg, har mykje å fortelje, og mange har modnast. Ikkje minst kjem alle med ny giv, og godt mot. Eg sjølv kjenner at eg ikkje har hatt den beste oppladninga. Starta med kikhoste (!!) i juni, og har hosta sidan. Denne veka toppa vi det heile med endå meir hoste, tett og rennande nase, og FEBER. Igår kveld sat eg fortvila i sofaen med nesten 40 i feber, og eg tenkte at dette kom aldri til å gå. Men idag er eg mykje betre, har vore på jobb og gjort siste “finishen” på klasserommet, så no er eg klar!
I tillegg til ny data skal eg no gi Windows Live Writer ein ny sjanse, så eg publiserer eit innlegg herifrå for å sjå om det går bra.
Litt bilete frå ferien vår er altså snart undervegs Sjåast!
2 kommentarer:
Kjekt du er tilbake, gleda meg til å sjå og lese om dokke :) Håper du vert heilt frisk fort. Lukke til med writer, eg trivast med det programmet :) Håper første dagen gjekk fint!! Klem klem
Kjekt at du e på nett igjen :)
God bedring til dej :)
Legg inn en kommentar