Etter turen var det mykje som stod for tur heime. Kvardagen og arbeidet venta, men likevel var det litt ferie. Mjelkekyrne er enno i Kvistaddalen, og vi kan ta med ungane inn og vere med på stellet. Vi har slåtten, og ungane sit i traktoren etter tur, hoppar i høyet i løda, og kosar seg ute.
Her ein kveld vart vi inviterte på reker attmed Janne og John Åge, Runar og Åse-Lill. Ungane fekk overnatte med farmor og besteforeldre og vi fekk kose oss ein kveld i godt lag. Dagen etter var det nydeleg søndagsver, og vi bestemte oss for å ta ein fjelltur, berre oss to, på Skårasalen.
Sidan eg har hatt kikhoste i sommar, har eg ikkje klart å vere så aktiv, og var spent på korleis det ville vere å gå denne turen. Det var veldig tungt i starten, men det gjekk betre etter kvart.
Det var på tide eg kom meg på Skårasalen. Tenk at eg aldri har vore på dette fjellet før. Dette er definitivt ein topp vi kjem til å gå på fleire gongar. FOR ei utsikt.
Og det var som balsam for sjela å få ein slik dag. Sove lenge (til over kl 8…) og slappe av, nyte fint ver, og berre vere to….
Litt av eit landskap…ser ut som vi er komne til eit anna land..
Stein, stein, stein..og litt snø.
No ser vi toppen!
Langt der nede står bilen vår.
For ei utsikt! Toppen av Skårasalen er 1542 moh.
Bratt ned! Var såvidt eg turde å stå på kanten her og sjå ned. Kasta ein stein…venta på lyden av at den landa…høyrde ingenting….
Sunnmøre
Bevismateriale…
Bevismateriale…hehe. Slitne, men fatta
1 kommentar:
Dit opp vil ej me! Giddikkje å gå la me na Asgeir...han berre fer i frå mej... ;)
Legg inn en kommentar