tysdag, september 13, 2011

Ei sjeldan oppdatering…

Det vert langt mellom blogginnlegga om dagen, og dagane går så altfor fort. Det er godt å vere i gong med eit nytt skuleår/arbeidsår, og jammen er det snart haustferie alt.

Eg starta skuleåret med å vere sjuk, og sidan eg var sjuk heile sommaren også, ser det ikkje ut til å ta skikkeleg slutt.. Går fortsatt og "hanglar", men er på det beste på lenge no.

Ungane har vore friske då, (bank i bordet) og det er veldig kjekt. Vi har vore veldig spente på korleis vinteren vert for Marius sin del, han som har vore ein del plaga med hals, øyrer og auger. Før sommarferien fekk vi endeleg ta turen til Ø/N/H-avdelinga for å få sjekka grundig. Vi fekk vite at Marius hadde mest truleg store polyppar og at han hadde væske i mellomøyra på begge øyrene. Etter ein del ringing og masing, fekk vi endeleg ta turen på Åse Sjukehus i førre veke, og Marius fekk fjerna polyppar og lagt inn dren i øyrene.

No, berre ei knapp veke etterpå, synest eg allereie at eg ser betring. Marius pratar og syng heile tida...det har han gjort alltid, men eg synest han gjer det endå meir, og det høyrest ut som at det ikkje er så tett oppi "systemet" lenger. Det hadde vore veldig kjekt for han om dette var til hjelp, for han har både høyrt dårleg, og han har hatt problem med å snakke fordi han har vore så tett.

Iphone-sept-11 023

Etter ein dag i barnehagen er han som regel veldig sliten, men siste dagane verkeleg sprudlar han heilt til leggetid. Vi håper det er eit godt teikn.

Elles har eg i det siste børsta støvet av handballskoa (igjen..) og skal no prøve å vere med "på skikkeleg" denne sesongen. Første kampen er alt på søndag (!!!), men eg kjenner at det er eit godt stykke igjen før eg kan kalle meg kampklar.

Faktisk har eg tenkt meg på ein aldri så liten husmorferie denne veka også, og det er ikkje heilt sikkert eg rekk oppatt til kampen. Torsdag reiser eg til Oslo på eit kurs. Det varer til fredag ettermiddag, men eg har bestemt meg for å vere i Oslo heile helga. Skal slappe av, kose meg, handle, besøke vener og slekt, skal på "Bye og Rønning" på Latter, i det store og heile skal det verte heilt knall!! Kjem til å sakne smågolla då;-)Iphone-sept-11 009

Her er eit bilete frå ein laurdag vi var på shoppingtur med besta og besten. Vi fekk handla garderobeskap og sengar som vi skal ha på loftet. Det går sakte med oss, men denne dagen var vi effektive vertfall. Oppussinga vert fort nedprioritert når det er andre ting som hastar meir. I det siste har det vore fiksing av lødetak, jaging av dyr på beite, slått, og akkurat no, gjødsling, som har kome først.

Må berre få skryte av det einaste prosjektet mitt som eg er skikkeleg stolt av akkurat no: Beddet i hagen. Noko “før-bilete” trur eg ikkje er verdt å vise fram, for det såg meir ut som ein mislykka skog. Men etter at eg med veeeeldig god hjelp av mamma og ein tur på BoGrønt fekk rydda litt, såg det litt betre ut. Er ikkje sikkert kor lenge det varer, men akkurat no såg det faktisk nesten litt fint ut.

Iphone-sept-11 012

(Ps. Det er ikkje vits i å spørje kva eg har planta, kva det heiter osv, for der har eg ikkje peiling...men mamma veit det då..)

Iphone-sept-11 035

Og heilt til slutt må eg berre ta med eit bilete av beste snuppa, som i dag fekk vere heime frå barnehagen (litt småpjusk). Ho sette seg liksågodt inni skapet og sa god natt til meg, og så flirte ho den råaste latteren…God underhaldning ho her altså.

Imorgon skal begge to til besta og besten, og jubelen stod til taket då eg fortalde det. Dei sovna med eit smil, og gler seg til ein dag fram på dalen.

3 kommentarer:

Livets landeveg sa...

Kor kjekt me ei oppdatering:) Forstår godt at de blir nedprioritert ;) For noken gode småtroll du he, håpe vi kan finne tid til å treffast en dag :) Matias såg bilde av Marius å sa: Mamma, dinna guten huska ej!:) Husmorsferie e topp, de trenge enn!

Gjengen framma dala sa...

Kjekt me handball! Trur ej neppe verte kampklar på ei god stund enda...

Randi sa...

Fint å lese og sjå frå dokke igjen, du gjer rett i å prioritere vekk blogginga når det stormar slik :) Håper Marius får det enno betre, og at det varer. No må du berre ha det heilt HIVENS i Oslo, du FORTJENA DET! Klem klem