laurdag, oktober 01, 2011

Bursdagsfeiring

Mariell vart 2 år år på onsdag, og dagen har vorte feira i fleire omgongar.

Laurdag hadde vi familieselskap, og det var fullt hus her.

Mariell 2 år 2011 familieselskap 005

Mariell bles ut lysa på kaka si.

Mariell 2 år 2011 familieselskap 007

Kakene var høgdepunktet for ungane, og dei gjekk heile dagen og venta.

Iphon sept-okt-11 005

Iphon sept-okt-11 010

For ein amatørbakar må nesten baksten forevigast også…

Godt var det også, for vi løyvde nesten ikkje matSmilefjes som blunker (For ein gongs skuld..)

Iphon sept-okt-11 014

Ein litt sliten jubilant måtte prøve den flotte gåva som besta har laga.

Bukse, gensar og lue. Kjempefint var det!

Mariell 2 år 2011 familieselskap 014

Onsdag hadde vi eit lite barneselskap, og sidan eg var her åleine med turboane mine fekk eg ikkje tatt bilete av gjengen dessverre. Men eg trur dei kosa seg og leika seg. Alderen tilseier at det er litt vanskeleg å dele med andre, så det vart nokre diskusjonar også. Artig å sjå kor dei styra på.

Mykje fine gåver har Mariell fått, og mange kjekke gjestar har vi hatt på besøk.

Tusen takk alle saman!

Ingen kommentarer: