
Det ser då ut som vi får vinter like tidleg i år som i fjor.
Denne veka har det vore eit rotterace med det meste, og eg kjende det var godt med ein kveld inne i styggeveret, men stearinlys på bordet, og avslapping under pleddet i sofaen. Vert ikkje for ofte.... Høyrer faktisk at det er nokre flatpakkar som ropar på meg på loftet. Har eg nemnt at eg har vore på Ikea?? Ikkje? Hmm..
Har handla mykje fint til loftet, og eg har, faktisk heilt åleine, skrua ihop alle møblane. Er ikkje heilt ferdig, men er godt i gong.

Klesskap til ungane sine rom.

Skjenk til spisestua.

Vitrineskap til stova.
Det var litt av fangsten på Ikea, har handla litt diverse hyller og kommodar også og bl a lysekrune til Mariell sitt rom. Kjempefin! Skal prøve å legge ut fleire bilder etterkvart.
Ein ting skal i vertfall Ikea ha skryt for, og det er at alle teikningane er lette å forstå, så sjølv eg har fått det til. Det hadde eg ikkje venta. Var i grunnen kjekt å montere når eg fekk det til. Fin syssel no i dette dårlege veret.
Men no er det tid for "Blanke ark" på TV Norge, ein fantastisk flott serie, spesielt når ein har vore på foredrag med eine av dei i serien, ein flott og inspirerande mann, Marco Elsafadi.
God torsdagskveld folkens!
- Posted using BlogPress from my iPhone
1 kommentar:
kjekkt å lese om fantepia:) Forstår de du e blitt en reser på flatpakka, va utrulig mykje flott då du!! Fallt pladask for klesskapa til ungane;) Go klem:)
Legg inn en kommentar