I år var vår jomfrutur med campingvogn. Vi har ikkje reist så mykje etter vi fekk små, og følte oss litt ferske i “gamet”. Vi planla ikkje så mykje, berre tenkte vi ville sjå litt an korleis det gjekk, og korleis ungane likte seg i bilen og vogna.
Etter berre nokre kilometer fekk vi vårt første stopp, og måtte snu for å fikse litt på bilen…tenkte at det var bra det skjedde no og ikkje etter vi hadde kome lenger. Så køyrde vi vidare til Sogn, og besøkte onkel Svein Ivar, som bur på heimgarden til Annemor.
Ungane storkosa seg og bada i fineveret.
Dagen etter skulle vi reise vidare over Sognefjellet til Mageli Camping og møte vener der. Men bilen ville det annleis…
Denne gongen rauk ein drivaksling, og vi kom oss ikkje av flekken. Det vart ringing rundt om i heile landet, før vi til slutt fekk tak i ein reservedel, og fekk ordna det slik at vi fekk den til Ørsta. Snille farmor forbarma seg over oss og kom køyrande frå Ørsta med delen til oss. Men vi kunne ikkje sture av den grunn. Veret var kjempefint, og det måtte nytast på beste måte.
To som kosa seg på trilletur i sykkelvogna.
Oppe på skuleplassen var det mange klatretau i skogen, og det var kjempekjekt å prøve syntest Marius.
Mariell ville også prøve, men ho måtte til slutt innsjå at ho var litt for liten til dette enno.
Grilling på terassen vart det også.
Og etter ein lang dag i sola var det godt å slappe av inne i sofaen litt for dei minste.
Etter ei god natt var det godt å slappe av om morgonen med kjende bøker som vi hadde med oss…Måtte berre få med denne fantastisk fine sveisen til Mariell her….
Etter at bilen var fiksa og vi fekk reist vidare (i farmor sin bil…) stoppa vi på Sognefjellet for å ta ei lita pause. Her er vi omtrent på høgste punktet.
Trass mange svingar både opp og ned verka det som ungane kosa seg i bilen.
Matpause på Otta.
Pizza slo godt an, sjølv om Marius var mest interessert i å vite kva vi skulle ha til dessert.
Endeleg kom vi oss til Mageli, og der venta Marken (6 år), Ronja (3 mnd) og Jan Ove og Marion på oss. Dei hadde vore på Hunderfossen, og Marken hadde fått seg ansiktsmaling.
Ungane kosa seg i vannkanten, medan vi vaksne gjekk på med friskt mot, og fekk faktisk opp fortelt på begge campingvognene.
Ein liten trollgut..
Leikeplassen var så kjekk, med sklie, trampoline, klatrestigar og dibbe. Til og med kaniner. Det var stor stas for ungane.
Dagen etter var det av stad til Lilleputthammer. Ein av favorittplassane var faktisk “berre” ein leikeplass. Eit flott leiketårn, med nokre tunellar og silebaner og ratt. Her styrte dei seg i nesten ein time, og hadde det heilt hivens!
Her er kaptein Moe, ute på oppdrag.
Bank, bank!!
Var dette artig, eller?
Trur det…!
JA?
JA, det var kjempeartig!!
Marken poserte fint for fotografen
Og når ungane leika seg, fekk vi vaksne slappe av litt også.
Mat måtte til også.
Mariell fekk sitte på med Marken då ho køyrde bil. Ho var kjempekry.
Besta og besten stakk innom campingvogna ein snartur også.
Etter nokre dagar på Mageli reiste vi vidare, og enda opp i Halden. Her ser vi eit forsøk på å få eit fint bilete av oss med Fredriksten Festning i bakgrunnen. Det gjekk ikkje så bra akkkurat…
På Fredriksten Festning fekk vi med oss innspelinga av “Allsang på grensen”, og her er det Alejandro Fuentes som er i aksjon.
“Mo” i kjend stil. Han var veldig flink!
Scena sett frå der vi sat.
For ungane vart det litt seint på kveld og litt mykje venting, så dei vart både trøtte og svoltne.
Marius sit oppå ei av kanonene.
Då måtte Mariell også prøve såklart.
Og på toppen av festninga var det plutseleg ein som måtte så veldig på do…
Så var det full fart igjen…
Utsikt over Halden.
I Halden sov vi på Langholmen Camping. Ein koseleg campingplass, med ein triveleg eigar som sytte for det meste for at vi skulle ha det bra. Sola varma, og badestranda låg tett attmed, så her kosa vi oss i fleire dagar.
Ungane fann seg leikekameratar og hadde det så kjekt.
Idyllisk plass.
Til tider er det mykje krangling, men så er det så mange gode stunder også. Sjå her kor dei kosa seg! Eg filma dei lenge og vel der dei sat og “popla” og flira, og dei var så søte.
Vi starta på heimvegen, og neste stopp var Sveastranda Camping på Biri. Ein koseleg campingplass det også, som vi gjerne vil tilbake til, sidan vi fekk berre ei lita overnatting her. Vi vende nasa heimover, og til ungane si store sorg så var campinglivet over for denne gong. Dei kosa seg slik i vogna at det er ikkje tvil om at det vert fleire campingturar på oss.
Men, då var ferieturen vår over for denne gong. Men ferien har vore mykje meir enn denne turen, så eg har fortsatt mykje å fortelje om. Men det får verte i neste innlegg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar