måndag, april 11, 2011

Endeleg eit snev av vår...

 Førre helg var det ein dag med opplett og ok temperatur. Det har ikkje vore mange av dei, så denne dagen var vi ute alle mann lenge før kl 9. For å markere våren og tøya vegar, tok vi ut både trehjulssykkelen og trøtraktoren som Marius fekk til 3-årsdagen sin. Dei har stått inne i påvente av tørrare tider, og Marius har sett på dei, sete på dei og hatt så lyst til å sykle på dei. Så no endeleg....
Gamlesykkelen til Marius er passeleg til Mariell no, og det var stas.
Gode venner desse to..av og til vertfall...

Kjekt å reie også. Såg plutseleg kor mykje snø vi hadde hatt i vinter når reiene hand ein meter over bakken...No når snøen er på retur er det på tide å stille dei ned til bakkenivå igjen..

Nesten like kjekt som å bade...



Katten får gjennomgå, men taklar det bra...
Ein som er litt kry;-)

Ingen kommentarer: