Vinteren hadde ikkje sleppe taket heilt enno, og Arnfinn hadde laga ein kjempestor snømann ilag med Sofie. I den steikande vårsola fekk han litt å kjempe med, men ville ikkje gi seg heilt enno.
Marius og Sofie aka, medan Mariell tok seg ein lur. Full fart på akebrettet. Marius bremsa heile vegen, så det vart ikkje den heilt store farta, men....
Fedrene følgjer spent med på aketuren..
I selskapet fann vi ut at ungane skulle få seg eit bad i badekaret i lag, for det er noko alle likar...ikkje sant?
I vertfall denne vesle snuppa vår. Uttrykka var omtrent slik....:
Og slik....
Og slik...
Heile tida...
Og ho skulle ikkje ut av badekaret...
Ikkje ein gong då ho hadde fått på seg alle kleda igjen hadde ho gitt opp kampen om å få bade LITT til...ho klarte NESTEN å klatre opp i badekaret igjen.
Kjenner at vi gler oss litt til å få badekar her i huset også no....
Takk for nokre kjekke dagar ilag, Arnfinn, Tereza og Sofie.
Ventar i spenning på gledelege nyhende frå dokke;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar