måndag, april 18, 2011

Bunadsprøving og gjenbruk.

17. mai nærmar seg, og det er tid for å sjekke "utstyret". I fjor brukte Marius strikkabunaden som besta strikka for andre året på rad, så i år er den for liten. Då vi var i Stryn førre helg fann eg ein kjempefin bunad på Reflex, og var veldig spent på om den passa.
Bunaden sat flott på, og Marius sprang og henta finskoa med det same. Fekk nesten ikkje lov å ta den av igjen, for han ville vere fin litt lenger.

Til Mariell har besta strikka ein nydeleg bunad/kjole med jakke til. Den er nesten ferdig, og her har ho fått prøve den for å sjå om den passar. Litt dårleg biletkvalitet, men...


Skaut til også.

Etter eit besøk med bror min vart eg mint på at eg har ein bunad som eg sjølv brukte då eg var lita. Eg trudde denne var passeleg i 3-4-årsalderen, og har ikkje sett på den på ei stund, men no fekk eg vite at både Christina og Mathilde brukte den lenge før det, og at neste år vil den kanskje alt vere for liten til Mariell. 
Eg sjekka bunaden med det same eg kom heim, og konstaterte at her vil eg kanskje få litt av eit luksusproblem. Mariell har to kjempefine bunadar som ho kan bruke i år.
Kva skal eg velgje??? Det er eit umogleg valg!



Utruleg nok klarte begge å stå stille lenge nok til at eg rakk å knipse dei..

Til slutt, eit bilete av meg og naboguten, i bunaden som Mariell har på seg. Ser tydeleg at eg var litt eldre her.
(Det er Dina Kolås som har sydd bunadane på biletet.)

1 kommentar:

Gjengen framma dala sa...

Sånn bunad du hadde, det hadde ej me når ej va lita!! Akkurat same! Alle tre jentene he brukt na, e so kjekt!
Hadde ej vore dej so ha ej brukt strikka bunad viss det verte kaldt 17.mai, og dinna gamle viss det verte varmt. Blir heftig med ull i disse sommartide ;)