Førre helga var vi i selskap med Mathilde. Vi var først i Ørstahallen og såg på handballkamp, og der vann laget til Mathilde to kampar. Etterpå kosa vi oss med pizza og is ilag med Mathilde og tante Janne. Utpå kvelden kom Kjell-Einar og Vetle heim frå fotballturnering, og vi ville prate litt med dei også, sjølv det vart litt seint på kveld for dei søte små. Kvelden enda med at både Marius og Mariell sovna i fanget til Mathilde.

- Posted using BlogPress from my iPhone
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar