onsdag, desember 28, 2011

God jul…eller ikkje..??

Etter førre innlegg har vi stått på dag og natt for å kome i mål med oppussinga på loftet. Målet var å få flytte opp til jul, og sjølv om ikkje alt vart ferdig, rakk vi å flytte opp. Vi fekk ein koseleg julekveld. Ungane og vi sjølve sov vår første natt på loftet, så det var ei stor julegåve til oss. Siste dagane før jul hadde vi mange gode hjelparar som hjalp oss med å kome i mål. Hadde det ikkje vore for dei, hadde vi aldri klart å kome i mål slik vi gjorde.

Førjulstida er hektisk frå før, og i år vart det ekstra mykje stress.

Vi såg no fram til å ha nokre rolege romjulsdagar, der vi kunne slappe av og pusle med ståting som står igjen.

Må få lov å vise fram nokre bilete av resultatet.

Jula 2011 loftet 014

Spisestue. Lampen er litt feil plassert og sånn enno, og straum er ikkje ferdig lagt opp rundt heile stova. Litt å pusle med må ein ha…

Jula 2011 loftet 016

Vinduet på spisestua.

Jula 2011 loftet 019

Vinduet på kjøkkenet.

Jula 2011 loftet 022

Litt av stova.

Jula 2011 loftet 020

Meir av kjøkkenet.

Jula 2011 loftet 040

Gangen. Har ikkje fått opp så mykje på veggane, men litt er på plass.

Jula 2011 loftet 043

Soverommet vårt. Manglar litt forskjellig her også, men det er greitt så lenge.

stove

Litt meir av stova. Vitrineskap og korgstolar. Ein koseleg krok vart det.

Jula 2011 loftet 037

Marius sitt rom. Nesten ferdig der også, men sidan Mariell sitt rom ikkje er ferdig er nokre av tinga hennar lagra her så lenge. Lysekruna i taket skal sjølvsagt også flyttast inn til Mariell når det vert klart. Marius skal ha Ole Brum-lampe i taket sitt.

Jula 2011 loftet 001

Julekvelden var ungane storfornøgde med. Marius fekk brannbil som han ønska seg, og Mariell fekk leikekjøkken. Elles fekk dei veldig mykje fint til jul, og kvelden var heilt super. Gløymde å ta bilete av gjengen rundt middagsbordet desverre, men i år var det Annemor og Svein Ivar som var ilag med oss julekvelden, og det var veldig koseleg.

Jula 2011 loftet 002

Ein blid kar med brannbil.

Jula 2011 loftet 025

“Kjøkkenet brenn!!” Marius er i gong med å sløkke brannen.

1. juledag vart ein dag vi kosa oss med nyeloftet, og ungane leika fint med alle dei nye leikene dei hadde fått.

Til kvelden var det meldt storm, og vi var ute og sikra alt som var laust, slik at vi var budde på vinden.

Alt tidleg på kvelden skjøna vi at dette ikkje kom til å vere berre ein vanleg storm. Lyset blinka, straumen kom og fòr nokre gongar, og Audun var tidleg i fjøsen for å få unna mjelkinga før straumen forsvann for godt.

Utover kvelden vart vi straumlause, og vinden tok hardt i. Ei stund frykta vi at campingvogna skulle flyge vekk, men det var vanskeleg å sjå noko i mørket.

Det vart verre og verre utover kvelden og natta, og vi skjøna at dette kom til å gå skikkeleg ille. Huset vårt var vi ikkje redde for, men vi frykta  at lødetaket ikkje kom til å tole kreftene som var i sving.

Buldring og ubehagelege lydar heile kvelden og natta gjorde at vi var redde og engstelege. Det var umogleg å sjå noko, og uforsvarleg å gå ut.

Audun høyrde ein voldsom smell i taket på fjøsen då han var nede for å gi dyra mjøl, og han såg at taket hadde fått ein svær bulk innover. Noko hadde truffe taket frå utsida, men vi visste ikkje kva.

Morgonen etter var det fortsatt straumlaust, og alle telefonar var ute av drift. Audun stod opp grytidleg for å køyre til Austefjorden og hente agregat ilag med Per Helge.

Det var mørkt lenge, trudde aldri det skulle lysne denne morgonen. Audun og Per Helge kom igjen og fekk starta agregatet. Fortsatt var det ikkje lyst nok til å sjå kva som hadde skjedd, men Audun frykta det verste då han kunne sjå ut gjennom taket når han stod inne i løda….

Det viste seg etterkvart at lødetaket var delvis reist av, og det var nok det som hadde bulka fjøstaket, før det hadde blese vidare ned på marka.

Det såg heilt forferdeleg ut, material låg strødd overalt…

Orkanen Dagmar jula 2011 014

Orkanen Dagmar jula 2011 012

Trist syn…

Orkanen Dagmar jula 2011 013

Restane av taket strødd utover.

Orkanen Dagmar jula 2011 002

På oppsida såg det ikkje så gale ut.

 

Jula som skulle verte roleg var no alt anna enn roleg vertfall. Vi var fortvila og såg ikkje heilt korleis vi skulle gripe an situasjonen. Difor vart vi ekstra rørt og glade då vi såg at det troppa opp naboar og gode vener og familie. Alle som kom stilte seg til disposisjon for å hjelpe til å ordne opp. Vi frykta at vinden skulle gjere meir skade til kvelden igjen, sidan det var meldt storm igjen.

I frykt for å gløyme nokon, skal eg ikkje nemne namna på dei som var her, men det var til tider 8-10 mann på taket, og eg fekk i tillegg hjelp til å koke middag til heile gjengen, på vedomnen på kjøkkenet. Straumen kom ikkje att før dagen etter, og telefonane var enno ute av drift.

Det var ekkelt å ikkje ha kontakt med omverda. Vi visste ikkje korleis det hadde gått med andre rundt om, og kva for øydeleggingar som var elles i nærmiljøet.

Heldigvis ser det ut som øydeleggingane rundt om er mest materielle, og at oppryddingsarbeidet er godt i gang. Fortsatt er det nokre som er utan straum, og vi håper det let seg ordne snart, så det får kose seg litt i jula.

Idag er det også ein gjeng på taket og jobbar. Tenk, så heldige vi er, som har så mange som vil hjelpe.

Jula vart annleis enn vi hadde tenkt, men vi er likevel glade for at det ikkje vart verre, og at det gjekk bra med folk og fe.

Sender nokre varme tankar til dei som enno sit utan straum og til dei som har fått store øydeleggingar på hus, heim, hage og anna.

No håper vi stormen har gjort sitt for denne gong.

2 kommentarer:

Randi sa...

Sit her med klumpen i halsen etter å ha lese og sett bilder. Først og fremst er eg rørt over at de kom dykk inn til jul, med ein iherdig innsats både sjølve og frå andre. Så skulle de altså få oppleve å få sopass skader på løda. Opp i alt det ansvaret de tok på dykk ved å ta over gardsbruket, de har måtta gått gjennom mykje. Det fine er at de nok ein gong får hjelp frå gode vener og grannar. Trist og rørande på ein gong.

De kjem til å klare dette også, de er sterke og har sterke hjelparar. Tenker på dokke. Og du, de har virkeleg fått det fint inne iallefall!! Mange flotte tapetar og fine detaljar. God smak :)

Ynskjer deg og dine ei god romjul og eit godt nyttår, trass alt.

God klem

Birgit sa...

Ditta vart jammen fint! Må snart på inspeksjon :) No kribla ej etter nye prosjekt..Tragisk å høyre om skadane på løda då vi sat longt heimafrå å håpa på d beste. Vi slapp heldige frå det, men det var nok grusomt for dokke når dagslyset kom..Stå på vidare!