tysdag, januar 17, 2012

Marius lærer å skrive.

I det siste har Marius vore veldig interessert i bokstavar. Han kjenner mange etterkvart og er flink til å huske kven sin bokstav det er. Men skriving har han ikkje vore spesielt interessert i. Ikkje har blyantgrepet vore noko å skryte av heller. Men igår, då eg fortalde at eg skulle besøke besta på sjukehuset idag, sa han at han ville teikne ei teikning til ho som eg kunne ta med. Og til slutt ville han skrive namna på også. Litt kry observerte eg at han forma sine første bokstavar til ord. Litt hjelp fekk han, men det var ikkje mykje. Her står det altså "Marius" og "Åshild".


- Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer: