laurdag, januar 21, 2012

Gode stunder ilag.

Januar 2012 003

Av og til må eg berre leite fram kameraet for å forevige dei koselege stundene. Vi har to småtroll som er veldig glade i å “kose pledd” og lese bok. Mariell må ha med “kosen” og totten, og så er det kosetid i sofaen før leggetid. Januar 2012 011

Marius masar ofte om å få låne mobilen min for å spele på den. Eg er ikkje så glad i å låne den vekk, men av og til får han lov til å låne litt. Og etter interessa å dømme, er det vel ikkje lenge før Mariell også vil låne. Her sat dei vertfall og kosa seg lenge. Marius spelte, og Mariell var entusiastisk publikum.

Januar 2012 Iphone 030

Nokre gongar tøysar vi og lagar grimasar…hehe…

Januar 2012 Iphone 071

Og no idagtidleg, er her to som køyrer brannbil og leiker “Brannmann Sam”. Eg fekk eitt bilete der dei sat i ro, men då eg skulle prøve å ta eitt til…..

Januar 2012 Iphone 068

…kom det ei utrykking! Sjåføren styrte konsentrert, medan “Brannmann Marius” hoppa av i fart. Full guffe ein tidleg laurdagsmorgon. Kjekt det! Smilefjes

Ynskjer alle som er innom ei fin helg. Her er det handballhelg, med to kampar som står for tur.

Ingen kommentarer: