søndag, mai 27, 2012

Mai med både vinter og sommar.

Etter mange “erlerider” og “starerider” til langt ut i mai, har vi endeleg fått smake litt på sommaren.

6. mai var datoen for Kristian sin konfirmasjon. Sjølve selskapet hadde vi i strålande solskin nokre veker tidlegare, men på konfirmasjonsdagen var det så stygt vér at konfirmantane “slapp” å gå den vanlege runda ute før dei kjem inn i kyrkja. Det snøva sidelengs, og det var iskald vind.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 035

Prosesjon ut av kyrkja.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 039

Konfirmant og prest.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 042

Sysken.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 055

Konfirmant og farmor.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 068

Vi var med farmor på middag etterpå og feira utan konfirmanten, som var i syskenbarnet sin konfirmasjon. Vi fekk likevel både middag og kaker, og fekk bruke finstasen vår. Eg skulle prøve å ta nokre fine bilete av Mariell, sidan ho hadde på seg ein ny strikkakjole som besta har laga. Men å smile til kamera, det gjer ho berre ikkje. Dette var vel det beste eg klarte å få til…Dei fleste bileta vart berre rare grimasar.

Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 064 Konfirmasjonsdagen til Kristian 6. mai 2012 066

Slik som desse…

17.mai-2012 001

17. mai gjekk så fort i år…”poff og ein smell”, så var den over…eg rakk ikkje å ta bilete ein gong. Eg som hadde store planar om å ta eit familiebilete no når alle hadde bunad…

Her er vel alt som vart tatt av bilete.

17.mai-2012 002

Ein sjeldan gong har eg også festa meg på film.

Toget på Sæbø startar kl 13, noko som gjer at vi slepp det stresset som vanlegvis er når ein skal rekke barnetoget. (I Ørsta skal toget stille opp kl 09.15!) Ungane fekk god tid til å gjere seg klare til å gå i tog, og det er litt koseleg å få sjå barnetoga rundt om i landet og garden si oppvisning på Karl Johan før vi går i tog sjølve.

Etter toget gjekk vi først på klubbhuset for å få oss litt middag, – der var fullt.

Så gjekk vi til skulen…der var også fullt.

Så då enda vi opp på bedehuset til slutt.

Kjekt å sjå at det er så mykje folk ute i gatene på Sæbø, og at folket støttar opp om det som skjer.

Programmet på skulen var det og mange som ville ha med seg, og det var så kjekt å sjå både skulelevar og barnekor opptre, og ikkje minst vår lokale artist, Egil Olsen.

Så vart det plutseleg SOMMAR!!

Vi fekk leite fram sommarkjolar og shorts, kor hærleg!!

Mai 2012 006

Pynta til selskap.

Mai 2012 003

Mai 2012 021

Action på trampolina.

Mai 2012 029Mai 2012 040

Bading i hagen.

Mai 2012 036

IMG_1233

Slitne gull som sovna på altanen.

IMG_1244

Mykje frisk luft, ungar som er glade, middag ute. Kan nesten ikkje verte betre!

Vi har hatt over ei veke med strålande fint vér! I skrivande stund har det akkurat skya til, og dei første regndråpane trommar mot ruta, men no har vi ladda batteria godt opp, så det skal nok gå bra ei stund.

Sjekk til slutt ut denne fine versjonen av “Oppe på fjellet” av Mariell. Ho har det med å lage litt kortversjonar av ting…så kort oppsummert vert det slik:

"Olle Bolle"

Ingen kommentarer: