laurdag, mai 05, 2012

Merkeleg vår…

Sist laurdag vakna vi opp til kvite markar og vinter igjen…den dagen hadde Audun store planar om å gjødsle, men det vart ikkje heilt slik.. Men då søndagen kom var sola sterk og smelta vekk all snø igjen. Det var iskald vind, men fint vér heile dagen, så vi kosa oss så godt som råd ute. Må nesten nytte kvar ein einaste dag med opplett, for det er så langt mellom dei.

Vi fekk ut syklar og stolar. Marius er veldig kry av nyesykkelen som han fekk i bursdagsgåve, og han tek seg små sykkelturar åleine både tidt og ofte.

Mai 2012 001   Mai 2012 003

Mai 2012 005

Alltid spennande med små “veiter”, særleg dersom dei renn i rør under vegen. Då er det så spennande å kaste gras/greiner uti på oppsida, og springe over vegen for å sjå når det kjem ut røret på andre sida. (Glad her er veldig lite trafikk ja..)

Mai 2012 008   Mai 2012 009

Mai 2012 011

-“Der kom den!”

Mai 2012 013 Mai 2012 014

Etter ein lang dag ute, var det to smågull som hadde fått raude, friske kinn. Musikk på mamma sin Iphone er ein hit om dagen. Her er det om å gjere å sikre seg beste plassen for å høyre. Marius og Mariell kranglar om så mykje, og her er det om kven som skal stå nærast, kven som skal halde hendene på benken, og om kvar føtene skal stå…Puh…Besta og besten gjorde eit iherdig forsøk på å få engasjert ungane (i å leike med perler), og få dei til å slutte og krangle….eg trur dei gav opp…elller?

Mai 2012 012

Etter at både besta og besten hadde fylt bretta sine, gjekk Marius og henta strykjernet…klart dei skulle få stryke kunsten sin!

Idag er det laurdag igjen, og snøen har vitja oss idag også, nokre stadar meir enn andre, og ikkje så gale her eigentleg, men litt trist er det uansett når det er ok vér/temperatur heile veka, og så når helga kjem skal det verte vinter igjen. Idag klarte eg ikkje skjule irritasjonen min heller…Har eigentleg lova meg sjølv at eg ikkje skal påverke ungane til å ikkje like snø, berre fordi eg gjer det. Men idag trur eg faktisk ungane også syntest det gjekk over stokk og stein. Marius song “sol, sol, kom igjen” i bilen, så det seier vel sitt.

No vil vi ha meir vår snart. Håpar på litt betre vér imorgon, for då er det konfirmasjon. Kristian, som vi feira for to veker sidan, skal i kyrkja, og det vil vi ha med oss.

Gledar oss til å sjå mange flotte konfirmantar imorgon!

Mai 2012 034    Mai 2012 038

God laurdagskveld vidare frå desse trolla herSmilefjes som blunker

Ingen kommentarer: