søndag, april 07, 2013

Lofoten.

I påska fekk vi vite at mi tante, Henny, i Lofoten var død. Pappa bestemte seg raskt for å reise oppover, men kvidde seg litt for å reise åleine. Etter litt fram og tilbake klarte eg å få ordna med vikar på jobb, slik at eg kunne få reise nordover ilag med pappa. Avstanden frå Ørsta til Lofoten har gjort sitt til at eg ikkje har hatt noko særleg kontakt med familia mi der oppe. Henny har eg aldri møtt eingong, sjølv om ho var tanta mi. No, etter eg kom heim, sit eg og tenkjer kor glad eg er for at eg reiste. Det er sjølvsagt trist å sjå sine næraste i sorg, og det er sårt å tenkje på saknet dei har. Samstundes var det så godt å få treffe mange slektningar som eg ikkje har møtt før. Alle saman kjekke, og to av dei til og med lærarar som meg. Å få vere i lag nokre dagar å verte kjende, og få treffe familiane deira har vore veldig kjekt. Og for pappa var det godt å få vere ilag med dei to brørne sine.

Magnar-Ivar-Paul

Pappa i midten, med Magnar og Paul på kvar si side.

søskenbarna

Heile fem søskenbarn samla, og ein som var son til eit søskenbarn som døde i 2003. Tre av desse møtte eg for første gong no.

Lofoten april 2013 018

Kaffeselskap og praten går…Vebjørn har alltid nokre gode historier på lur.

kyrkja

Kyrkja, stor og flott, ruvande på ein bakketopp.

Leknes

Etter ei lita runde i bil fekk vi kika oss litt rundt. Mykje snø overalt, men fekk likevel tatt litt bilete. Her er Leknes sett frå Skaret.

hjellar

Fiskehjellar var det mykje av synest eg, men eg skjønte at det var eigentleg lite no i forhold til korleis det var før.

utsikt

Mange flotte motiv var det overalt, det flottaste kanskjer her, tatt frå altandøra til Paul.

flyfoto

Paul, er nesten næraste nabo til flyplassen, og etter avgang prøvde eg å ta bilete av huset. Ikkje enkelt, men i ringen på bilete ser vi huset. Faktisk står Paul i døra på altanen også…:-)

flyfoto-leknes-bodø

Nydeleg vêr å flyge i, her mellom Leknes og Bodø.

Leknes-fly

Leknes frå lufta.

Lofoten april 2013 095

Bodø sett frå lufta.

Lofoten april 2013 072

Lofotveggen. Spesielt å sjå dei bratte fjella røyse seg rett frå ingenting.

Etter nokre flotte dagar i Lofoten, og flyturar nedatt i sol, fekk vi vente litt før vi kom oss heilt tilbake til Ørsta. Litt forsinka fly pga snøbyger heime, og litt venting over flyplassen før vi fekk kome ned, men heldigvis kom det eit lite hol i skydekket slik at vi fekk lande på Hovden. 

Det var godt å kome heim, men jammen er eg glad for at eg tok turen også.

Eg er takknemmeleg for at eg fekk møte alle, sjølv om det no var i ei sorgtung tid. Men eg håper vi får halde kontakta vidare, og at det ikkje vert så lenge til vi sjåast igjen. Takk for flotte dagar ilag!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Det må vere spesielt å ikkje ha møtt slekta si, når det e so nært, men likevel so fjernt!

Randi sa...

Kan tenke meg dette var flotte opplevingar ja, både i menneska og i naturen, trass i sorga. For eit landskap! Heldig som fekk så fint vær der oppe. Eit av reisemåla som står på ønskelista her i huset ;)