
Ein flott dag er snart over. Tenk at det alt er fem år sidan Marius vart fødd. Eg hugsar så godt den natta vi sette oss i bilen for å køyre til sjukehuset. Spente på kva vi hadde i vente. Ei ny tid som foreldre.
Marius er ein skikkeleg godgut, og det har han vore frå dag 1. Ja, eg veit det er lett å seie som mor, men han har noko ved seg. Omtanke for andre, spesielt for Mariell, og sans for detaljar. Han er opptatt av å lære og forstå, setje ting i system, og han vil så gjerne vere til nytte.
Smilet er aldri langt unna, og sint er han nesten aldri. Kunne vi fått ein betre gut, eigentleg?
Du er mamma og pappa si stolthet!
Gratulerer så mykje med 5-årsdagen din, Marius vår! Verdens beste!
Lagt inn av Anette
- Posted using BlogPress from my iPhone
2 kommentarer:
Flotte gut, gratulerer, klart de er stolte! :)
Takk:-)
Legg inn en kommentar