laurdag, mars 02, 2013

Undretur og 4-årsbok

Mariell fyller ikkje 4 år før i september, men har alt vore i kyrkja og fått 4-årsbok.

Presten inviterte alle 4-åringane på undretur i kyrkja førre laurdag. Ungane fekk vere med på ei runde rundt i kyrkja for å verte kjende og litt husvarme til dagen etter då dei skulle få bok.

Presten var over snittet sporty, synest eg, som gav seg ut på eit ganske vanskeleg prosjekt. Alle fekk høyre om dåpen, døypefonten, alteret, alterringen og preikestolen. Dei fekk prøve å plaske i døypevatnet, knele på alterringen, gå opp i preikestolen, prøve prestekleda og spele på kyrkjeorgelet.

Frå det eg kan hugse frå min eigen barndom, og det inntrykket eg hadde av kyrkja då, så var det mest slik at det var ikkje lov til noko. Å gå fram til der presten stod var heilt utenkjeleg, og opp i preikestolen fekk vi vertfall ikkje gå!

Men etter denne dagen i kyrkja hadde ungane lært mykje, og fått ei god oppleving i kyrkja. Mariell gleda seg skikkeleg til å kome dit dagen etterpå for å få 4-årsboka.

Ikkje minst fordi ho synest organisten var så fin at ho trudde det var ei prinsesse, og ho sa: “Når ej verte store vil ej også verte ei sånn fine prinsesse som spela piano.”

IMG_1045 

IMG_1049.JPG (2)

IMG_1048

IMG_1051.JPG (2)

4-årsbok Skidag februar 2013 007

4-åringane syng “Kven har skapt alle blomane?” etter at dei hadde vore på “Skattejakt” ilag med ein pirat! Ein kan trygt seie at det var ei litt annleis gudsteneste.

4-årsbok Skidag februar 2013 010

Mariell tenner lys.

4-årsbok Skidag februar 2013 011

4-årsbok Skidag februar 2013 009

Fått bok, gitt “give me five” til presten, og er kjempekry!

4-årsbok Skidag februar 2013 014

Boka måtte utforskast med det same.

4-årsbok Skidag februar 2013 017

Vel heime etter kyrkja, hadde vi besøk av besta og besten og farmor. Så snart vi hadde rydda middagen vekk frå bordet var Marius snar å nytte sjansen til å få spele spel….

4-årsbok Skidag februar 2013 023

…og lese bok med besteforeldra.

Ein av søndagane dette her:-)

Ingen kommentarer: