…og vips, så sov begge to.
Det er vanskeleg å halde på rutinene om kvelden etter ein lang dag i barnehagen. Batteriet er rett og slett tomt, og før eg hadde fått lest to første sidene i ei bok, så sov dei godt begge to. Ikkje hadde vi hatt på nattkleda, ikkje hadde vi gått på do og ikkje hadde vi pussa tenner.
Hadde dei berre vore like fredeleg om morgonen…mange morgonar i det siste har hatt stikkorda vatn, papir, såpe, tannkrem, hårstrikk, klutar…fantasien er det ingenting gale med ivertfall. Eg seier ikkje meir..
No er det vinterferie på mor i huset. Har vore på butikk i dag, har ho, og til frisør også. Til og med på kafe!! Fått bytta julegåver også faktisk…litt seint, sa du? Ja, eg sa ikkje at det var julegåver… hehe.
Godt med litt åleinetid og sjølvpleie. Følte det var velfortent, det gjorde eg!
No skal eg skrue saman den nye stålampa eg kjøpte, og sette meg i lyset og sy med sysakene som eg også kjøpte i dag. (Eg har då endeleg innsett at eg må ha nål og tråd i hus, slik at eg kan sy på att knappar og diverse til ungane sine klede, men det sat langt inne….er “syslektikar” eg, om det er noko som heiter. “Ganglause” til å sy i vertfall..!)
Ha ein fortsatt fin tysdagskveld, folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar