Det har vore kaldt i heile januar. Nesten for kaldt til å vere ute. Men skøyteisen på Vatnevatnet MÅTTE prøvast. Marius og Mariell har fått seg skøyter og prøver for første gong. Vi rakk litt tak i sola, og det var varmt og fint heilt til ho gøymde seg bak fjellet. Mariell fekk ikkje heilt dreisen på skøytene første dagen, og syntest det var best å kose seg med kjeks.
Pepparkakehuset skulle knusast…finn enno pepparkakebitar rundt om på kjøkkenet, så det seier litt om kor det gjekk.
Både i romjula og på nyåret har det vorte mykje speling. Marius har dilla på å spele “Den forsvunnede diamant”, og i tillegg fekk vi influensa heile gjengen, så då var det om å gjere å finne på noko for å få tida til å gå.
Høyre på musikk på mamma sin telefon, og bygge høge tårn med klossane var også eit bra tidsfordriv når feberen herja i kroppen. Etter ei veke var vi alle på beina igjen..
Marius og mamma har vore på teater. Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen var spennande og flott. Kanskje litt langdrygt…
Elles går dagane i eitt her som i dei fleste andre heimar.
Marius og Mariell er fulle av sprell og fanteri, flinke å hjelpe til, og kosar seg i fjøsen. Koseleg når alle fire er i fjøsen ilag. Det skal vi no, så då vert det ikkje tid til meir blogging for denne gong.
Ha ein fortsatt fin laurdagskveld, folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar