Eg må nesten nytte høvet til å takk for alle flotte julekort vi har fått i år. Veggen er full, og til neste år må eg nok ha betre plass til å henge dei opp. Og så utruleg mange fine kort med flotte ungar og vaksne! Kjempekjekt å få, og eg samlar på alle saman. Så kjekt å sjå kor alle veks frå år til år.
Vi fekk så mange at det var ikkje plass til alle ein gong i år. Men det verste var eigentleg at eg hadde bestilt alt for få kort til å sende sjølv, så i år vart det rett og slett for lite. Det var litt krise!
Eg må nok ta ei skikkeleg oppteljing til neste år, og til alle som ikkje har fått julekort frå oss i år, så håper eg de vil sende til oss neste år likevel, og for å bøte litt på “såret”, så kan eg vise fram litt av bileta som vi brukte på julekortet her. (Og nokre ekstra…)
Skjønningane våre.
Gode storebroren.
Syskjenkjærleik! (Om nokre år er vel ikkje dette biletet så populært, men eg tek sjansen på å legge det ut likevel…)
Vi lovar å kome sterkare tilbake neste år med julekort til alle!
Ha ei fortsatt fin romjul alle saman, og så skal vi oppdatere litt meir om vår romjul etterkvart! Og her i huset er det to som gler seg veldig til fyrverkeri og fakkeltog i morgon.
1 kommentar:
Veldig koselig med julekort :) Syns det er ekstra kjekt med dei der også dei vaksne er med. Det skal vi prøve få til neste år. I år fekk vi berre halvparten av dei eg hadde bestilt, det lønner seg å vere ute i god tid så ein får retta opp i slikt... jaja. Ser ut som de har hatt ei fine jul! Du er så god til å ta bilder av borna, Anette! Dei strålar, virkelig. Så nydeleg den kjolen til Mariell også :) Godt nyttår til dokke alle, håpar vegane våre kryssast snart :) Klem
Legg inn en kommentar