Etter ein hektisk haust, og ei hektisk førjulstid, kom endeleg julaftan. Marius har gledd seg og vore veldig spent. Merkar godt at han skjønar meir for kvart år, og Mariell heng seg på. Kalendar var veldig spennande, og Marius heldt heile tida styr på kor mange dagar det var igjen til jul.
Dagane før jul hadde Audun litt fri, og Marius og Mariell fekk vere med opp i skogen for å finne juletre. Det snakka dei mykje om etterpå.
Vi merkar også godt at barnehagen har sunge mykje i adventstida, og songane høyrer vi kvar dag heime. Marius syng alle versa, og Mariell kjem på slutten av kvar strofe! Favoritten er nok “På låven sitter nissen”.
Her er nokre bilete frå julaftan i heimen vår. Vi hadde besøk av Ivar og Åshild til middag.
Før middag.
Familen Dagfinrud Moe, jula 2012.
Mot slutten av kvelden var alle fornøgde med alt dei hadde fått, og hadde det travelt med å teste ut korleis alt skulle brukast.
Ei fin jul så langt, med minusgrader ute og lett snødryss i lufta. Satsar på vi får prøve dei nye akebretta idag.
Vi vil ønske alle som er innom ei god romsjulstid vidare.
Stor klem frå alle oss!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar