I helga har vi vore på Gol for å feire Svein Ivar sin 40-årsdag. Andre i familien som også har hatt dag vart feira litt langs med; Annemor og Audun.
Vi køyrde minibuss i lag, og det var veldig kjekt.
Litt trangt, men det beste var at Marius og Mariell sat på kvar si seterad = ingen krangling!
Nokre nøkkelringar med “Knerten” og “Karoline” gjorde susen.
Litt syting på vegen vart det, men det var eit godt stykke å køyre også, og litt venting her og der.
Snøen hadde jammen lagt seg på Leikanger også, og då vi var innom for å hente onkel Svein Ivar, fekk Marius og Mariell hauste epler frå det siste epletreet som stod igjen med epler på. Det var stas!
Mange gode måltid vart det i helga, og laurdagskvelden feira vi Svein Ivar med middag, gåver og song.
For dei minste vart kveldane litt lange, og det var vanskeleg å halde seg våken, men laurdagskvelden greidde dei å halde ut lenge, og seint om kvelden var vi på leikerommet i kjellaren på hotellet. Vi ser godt at Mariell er på overtid her, men syng og trallar i veg. Ho kallar seg sjølv Ida når ho leikar for tida, og Marius er Emil…skal tru kvar ho har det ifrå?? Litt påverka av ein viss kar i frå Lønneberget, ja.
Vèl heime i Ørsta igjen seint søndagskvelden var det godt å få kome inn til farmor på Ose og få seg litt kveldsmat, og sjå litt film medan bilen fekk varme seg opp. Ikkje spøk å kome heim til minus 6-7 grader.
1 kommentar:
Det virka som om det va ei kjekke helg :)
Kan tenke mej ungane va slitne ;)
Legg inn en kommentar