torsdag, november 01, 2012

Kurs i Oslo = besøke Christina, Thomas og Matheo Emilian.

Førre tysdag reiste eg med fly til Oslo for å vere på eit kveldskurs. Sjølvsagt kunne eg reise oppatt same kvelden om eg ville, men med fridag onsdag og ein liten skjønn gut i byen, så frista det veldig å besøke sjarmøren Matheo Emilian. Så kjekk ein kar, og så stor også. Vi var på kontroll på helsestasjonen onsdag, og Matheo fekk sjekka både vekt og tissa litt på alle eingongsunderlaga. Etterpå bestemte han seg liksågodt for å ta ein sovedag…kanskje etter at eg dulla litt lenge med han om morgonen?? Vart vel utsliten, stakkaren, når det kom ei overivrig gamletante på besøk. Hehe..

IMG_0614

Ingen kommentarer: