laurdag, oktober 20, 2012

På Hakallegarden.

Søndag var vi på Hakallegarden, ein besøksgard på Åram, der dei har mange ulike dyr.

Vi reiste ilag med Åshild og Ivar, og det var flott vêr, men dessverre litt kald vind/trekk.

Då vi kom vart vi litt overraska over alle bilane og folka. Det var ikkje berre vi som hadde lagt turen til Hakallegarden denne søndagen. Difor vart det litt vanskeleg å få oversikta, og det vart lange køer for å kjøpe mat, og for å få ride på hestane o.l.

Etterkvart såg vi at folk reiste litt etter litt, og til slutt var vi nesten åleine igjen. Då vart det litt kjekkare, og ungane fekk sleppe til ilag med dyra.

IMG_0538

IMG_0541

IMG_0544

IMG_0549

Mariell sit på ryggen til eit esel. Veldig kry!

IMG_0552

I hønsehuset. Mariell gjekk liksågodt inn i hønsehuset, og kom ut luka. Og der var det ingen veg ut igjen…

IMG_0556

Inne i hønsehuset. Vi var så fascinerte av desse hønene, som hadde mykje fjør heilt ned til klørne, så det var så vidt dei klarte å gå skikkeleg.

IMG_0557 IMG_0559

IMG_0561

IMG_0563

Klar for ridetur.

IMG_0565

Mariell var veldig fascinert av han som leidde hesten. Vi også, men mest fordi han skilde seg litt ut med både kleda og håret. Mariell vart mest fascinert av at han snakka svensk, og var sikker på at han kjende Emil i Lønneberget.

IMG_0568

Ei som er veldig glad for å få ride på hest. Papsen er ikkje glad for at ho likar det så godt…ser vel føre seg at ho skal mase om å få ein eigen hest…

IMG_0571

IMG_0572

Marius kosar seg også på hesteryggen, og var veldig flink.

Vi fekk ein god time på slutten av dagen der vi var nesten åleine på garden, så det redda litt heile turen, og absolutt med på å gjere opplevinga for ungane kjempeflott. Hyggeleg vertskap, og snille dyr = vi kosa oss!

2 kommentarer:

Randi sa...

Finaste plassen, ditta. Skulle tilbake til Hakkalegarden i sommar, men været var aldri på vår side dei gongane det passa for oss, så vart ingenting av det. Neste år :) sist vi var der var det nyyyydelig med sol frå blå himmel! Smilte ei heile veka etterpå ;) Masser av flotte innlegg her. Eg har ikkje fått opp nyheitene her i "margen" før no. Rart, har skjedd før også med din blogg. Men veldig kjekt å lese seg inn att no då ;) klem

Unknown sa...

Der he ikkje me vore enda. Men vi burde vel ta oss en tur...Spørs om vi må vente til nestemann he komt :)
He hørt monge flotte ord om garden!