Siste vekene har det gått i eitt. Travelt på jobb, travelt etter jobb, og trøtt om kvelden = lite motiverande å blogge.
I det siste har eg også testa ut ein ny type allergimedisin, som verka kjempebra, men som også har gjort meg veldig trøtt om kveldane. Ikkje så likt meg å sovne på sofaen kl 21, men…
I det siste har vi også hatt ei viktig feiring her i huset: Mariell vart 3 år 28. september. (Sjå eige blogginnlegg om bursdagen)
Fram mot dagen til Mariell hadde vi eit mål om å få ferdig rommet hennar, som vi har utsett så lenge. Litt småplukk har stått igjen, men no hadde vi litt kniven på strupen for å rekke det til bursdagen hennar, og det var ei veldig fornøgd jente som fekk sove på eige rom, i stor seng, heilt åleine!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar