søndag, september 16, 2012

Vi helsa Hurtigruta Trollfjord velkomen til Hjørundfjorden.

Idag kom første, av i alt 11, hurtigruteskip innover Hjørundfjorden. Det var mykje folk som ville vere med å helse turistane velkomne, og på fjelltoppar og i fjøresteinane rundt om var det bålbrenning og norske flagg.

Mykje flotte bilete har poppa opp på nettet utover dagen. Her er nokre av mine:

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 044

Mariell ventar spent.

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 047

Marius vinkar forsiktig til den store båten.

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 049

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 054

Mykje folk samla på Hustadneset.

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 058

Vi såg opp på SKåranakken….

309277_10151068956907807_1510688016_n[1]

…og der stod desse to spreke damene m.fl. og såg ned på Hurtigruta.

(Bilete lånt av Marion Mo)

Fleire flotte bilete frå markeringa rundt om i Hjørundfjorden ligg ute på smp.no.

Ei flott og spesiell markering!

Sjølv om det har regna i fleire veker i strekk, så valde likevel vêrgudane å vere med oss akkurat denne stunda. (Og sidan har det regna jamnt, så då er vi vel tilbake til normalen….)

Til slutt eit lite portrettbilete av Mariell. Ho er ikkje den enklaste å ta bilete av, men når ho ikkje veit at eg knipsar kan eg vere heldig..

Hurtigruta til Hjørundfjorden sept-12 070

1 kommentar:

Unknown sa...

Mange flotte bilder..
Va tenkt å ta turen sjølv, men ha rett og slett ikkje energi til det etter bryllaupsfeiring på laurdagen!