onsdag, september 12, 2012

Jugendfest i Ålesund.

Eg har i årevis vore blodfan av Kaizers Orchestra. Til saman har eg vore på 5 eller 6 konstertar med Kaizers, og då eg såg at dei skulle spele på Jugendfestivalen var eg ikkje i tvil om at eg måtte få med meg det. Trass i ein sommar med dårleg form og sjukdom, greidde eg akkurat å få verte frisk og få litt energi tilbake til denne helga.
Jugendfesten varte frå torsdag til laurdag på Colorline stadion. Torsdag reiste eg utover i lag med Asbjørg, og vi fekk sjå Kaizers.
IMG_0213
Laurdag reiste vi utover ein gjeng på 6 stk. Vi hadde bestilt hotell, og fekk med oss flotte konsertar av m.a Maria Mena (som imponerte stort!), og høgdepunktet til slutt var Roxette. Å få høyre Roxette live var berre heilt magisk. Ein får ikkje den sjansen så ofte akkurat!
IMG_0237
Mykje folk og god stemning.
Etter Roxette hadde spelt ferdig kom det eit skikkeleg regnvêr. Det rann ned, og vi måtte gå frå Colorline tilbake til sentrum, og alle vart heilt gjennomvåte. (Unntatt Audun, som hadde med seg regnklede…)
IMG_0240
Dagen etter var finevêret tilbake, og vi gjekk opp på fjellstua i sola. Godt med litt vaksentid av og til, og godt å få oppleve så god musikk som det var på Jugendfesten. Billettar til neste år skal kjøpast snarast!

1 kommentar:

Unknown sa...

Va nok en opplevelse å få me sej både den eine og andre konserten ja!
Og voksentid e noke man ikkje får for ofte, og som e veldig nødvendig!