Ein nydeleg kveld i august var vi på fisketur på Hustadneset. Det var uvanleg vindstille, og fin temperatur, noko vi ikkje har hatt så mykje av denne sommaren.
Først var vi ein tur nedom naustet vårt for å inspisere. Det har fått seg ein kraftig trøkk i orkanen, og treng litt pleie….
Marius og Mariell fekk prøve dei nye fiskestengene sine. Dei skal vere godt eigna for bryggefiske. Denne brygga var ikkje heilt laga for små føter som gjekk litt for nært kanten, og det var med litt nervar vi lot dei få prøve litt. Finne ein plass med rekkverk neste gong, trur eg…
Mariell sjekkar fangsten som sprellar i posen.
Vi fekk to fiskar. Eigentleg tre, men den siste kasta vi ut igjen, for den var så liten.
Då vi kom heim skulle vi steike fisken, men desverre sovna begge ungane på sofaen før det var ferdig….Dagen etter vakna Marius og var kjempefortvila fordi han ikkje hadde fått fisk.
Då hjalp det litt at eg fekk med meg nyfiska kreder heim frå jobb, så middagen var redda, og Marius åt middag i to omgongar.
For meg er det mykje barndom i lukta av steikte kreder i huset. Snadder!
1 kommentar:
Det e ikkje so lett å halde sej våken for å få sej fisk til kvelds, etter å ha vore å fiska!
Men bra at han fekk fisk dagen etter, kan tenke mej han va fornøgde då :)
Legg inn en kommentar