onsdag, august 22, 2012

Slåttehjelp

I slåtten er det vanskeleg å få ungane i seng. Det er så mykje som skjer, og det er så mykje spennande å vere med på.

IMG_0205

Det blir seine kveldar, og tunge tak, men Marius har vist at han har stor glede av å arbeide og elskar å vere med der det skjer.

Det er ikkje i traktoren det er mest spennande, det er i løda. Starte og stoppe transportbandet, fylgje med graset som dett utanfor, og hive det oppå bandet igjen. Har fått godt lag med høygaffelen no. Ilag med besten eller Vetle har Marius vore med kvar einaste dag og kveld og hjelpt til. Det er ikkje fritt for at han har kommandert og sjefa litt også. Og eg trur han har smelta pappahjertet.

IMG_1622

Den gode og blide hjelpar!

IMG_0136

Alltid med i Kvistaddalen når pappa skal mjelke.

IMG_1619

Plutseleg hadde han leita fram stolen sin og tok ei lita pause. Godingen.

2 kommentarer:

Randi sa...

Det er mange gleder i å bu på gard ja. Og meistring. Og utvikling. Og framfor alt glede. Kjekke dreng de har fått. Og dei finaste kaninene! Edle sin store draum også ;) Kjekt med nytt frå deg og dine igjen. God klem

(mange setningar som byrjar på "og" her ja... og så på bloggen til ein lærar då... jaja... ;))

Dagfinrud Moe sa...

Takk for kommentar, Randi. Ser absolutt alle fordelane med å bu på gard ja. Og så viktig å få litt ansvar også. Marius teke ansvaret for kaninene veldig alvorleg. I dag hadde hadde vaska buret, og ordna ut, uten at ej visste om d engong. Trengde litt hjelp til å få på plass igjen dinna "skuffa" under einaste...men han lika kjempegodt å få hjelpe til med alt sånn. Fe håpe d vare:-)