onsdag, august 22, 2012

Ein ettermiddag på Flø.

Det er nokre veker sidan siste blogginnlegg, og grunnen til det er vel ganske enkelt at det har vore “utevêr”. Litt sjukdom på ho mor, og jobbstart er vel også ei årsak, men stort sett har vi vore mykje ute i det siste. Vi har halde på med slåtten, og kveldane har vorte seine.

Rett før slåtten hadde vi oss ein tur til Flø. Ein fin ettermiddag, med litt kald vind, desverre, men med sol. Eg har lenge hatt lyst til å reise til Flø, men det har liksom aldri vorte, så no berre bestemte eg oss…hehe..

Flø august 2012 002

Kjekt å leike i denne kjempestore “sandkassa”.

Flø august 2012 089

IMG_0177

Leita etter fine steinar, skjel og sneglehus til å pynte sandslottet med.

Flø august 2012 009

Spor i sanden..

Flø august 2012 066

Sola på veg ned.

Flø august 2012 082

Vakkert.

Flø august 2012 093

“Sjå ka ej he laga då, mamma!”

Flø august 2012 096

I travel aktivitet.

Flø august 2012 100

Audun måtte prøve å lage varde…

Flø august 2012 106

Flø august 2012 110

Streva lenge med svingen…

Flø august 2012 054

Bølgene auka på. For ei stemning. Kunne vore der heile kvelden…

Flø august 2012 118

Prøvde å få Marius til å herme etter “Sinnataggen”, men sintare enn dette klarte han ikkje å vere…og bra er vel det. Blidingen vår. <3

Flø august 2012 123

Då det var på tide å pakke seg heimatt var det ingen av ungane som ville fare, så det vart skrik og skrål då vi måtte gjere kort prosess og pakke med spader og bøtter og gå, til stor (og høglytt) protest. Skal ikkje verte så lenge til neste gong vi tek turen til Flø, for her kosa vi oss.

2 kommentarer:

Randi sa...

Å, kor mange fine bilete!! Du er jammen god til å finne motiva :) vakre, vakre Flø, kunne tenkt meg ein kveldstur dit ein fin haustkveld. Vere med? Når eg har funne igjen kameraet i flyttelasset, vel å merke.... ;)

Dagfinrud Moe sa...

JA, det vil ej vere med på. Berre å seie frå en kveld d passa:-)Gjerne en kveld med litt vind.