Vi la i veg med bil og campingvogn i år også, på leiting etter sol. Minst mogleg var planlagt på førehand, og sidan mykje måtte gjerast før vi kunne fare, vart det nokre lange timar å vente for dei små. Etter nokre (heilt vanlege) hindringar før vi fekk kome oss avgårde, starta turen ein fredag ettermiddag/kveld, og vi køyre heilt til fagre Stryn! Ikkje så langt, men ungane var heilt i hundre fordi dei endeleg var på campingtur.
Neste dag køyrde vi vidare til Lillehammer og fann Hundefossen camping. Ein tur i familieparken stod for tur.
Litt sol fekk vi denne dagen også, og måtte nytte høve til å bade litt.
Spennande inne i Soria Moria slott. (og litt skummelt!)
Mariell var tøff som prøvde sjørøverskuta. Marius syntest det var heilt greitt å sjå på. Får ganske stor fart, men Mariell lo frå start til slutt. Likar action denne frøkena…
Marius har vorte høg nok til å få prøve mange av dei ulike attraksjonane og bilbanene, men Mariell måtte veldig ofte vente lenge i kø, for så å få beskjed om at ho ikkje var stor nok. Overraskande nok takla ho det fint, men det vart nok litt lenge å vente av og til når Marius fekk prøve….
Følgjer med når bror køyrer. Og ja, luggen i augene har eg prøvt å ha vekk, men alt eg har i håret kjem like fort ut att, og vekk er det….hårstrikk- og klemmebudsjettet er ganske stort om dagen.
Marius fekk også beskjed om at han var for liten av og til, og når han ikkje fekk køyre mercedes-bilane, vart det tungt å takle. Heldigvis fekk han køyre ilag med ein annan.
Kjekt at vi kunne vere fleire ilag ein slik dag også. Vi fekk vere ilag med Jan Ove og Marion med familie, og Anne Åse og Arve med familie.
Dagen etter traff vi Janne og John Åge med familie, og vi var på “Barnas gård” ilag.
Kjekt å få leike med Jo-Martin, Andreas og Henriette.
Innleving er viktig for å få fram poenget.
Mange spennande skapningar, men i år som i fjor…
…var det kaninene som var mest spennande.
(Og lite veit ungane om at vi har tinga to kaniner som vi får rett etter ferien…)
Vi åt middag ilag med Pegge, Elisabet, Kristian og Frank Robin på Øyer.
Desse to kosar seg veldig når dei får ete i campingvogna også.
Sjiraffen i midten er viktig å få med.
Etter nokre dagar på Øyer reiste vi til Sverige, ein liten stad som heiter Sunne. Campingplassen heitte det same, og den var stor og flott. Rett attmed låg eit badeland, men fordi det var kald vind og skiftande vêr, vart det ikkje til at vi fekk prøve det.
Inne på campingen var det flotte leikeplassar, og fint å sykle, og både Marius og Mariell leika seg veldig kjekt. Dei fann også ein veldig god leikekompis som reiste ilag med ein gjeng frå Ørsta som Pegge og Elisabet kjende. Vi vart verande der i lag med dei nokre dagar og venta på sola, men den kom ikkje…
På leiting etter litt meir sol reiste vi sørover til Uddevalla, og fann Hafsten SweCamp Resort. Denne campingplassen var også stor og flott, og første dagen vi vakna opp var det strålande sol. Endeleg!!
Vi gjekk bort på stranda, og skulle kose oss, men desverre gjekk det ikkje så lenge før vinden kom, og skyene dekte sola. Men ungane kosa seg uansett, det var vel helst vi vaksne som var vêrsjuke.
Kveldane var eigentleg finast, for då kunne det stilne litt. Pegge og Elisabet og gjengen kom etter nokre dagar, og vi hadde det veldig kjekt med å spele tennis om kveldane. Ikkje minst var det kjekt for Marius og Mariell som fekk leike meir med leikekompisen som dei hadde vorte kjende med på Sunne.
Tiger!!
Etter nokre dagar på Hafsten var det på tide å vende nasen heimover, fortsatt litt vêrsjuke, så vi sikta oss då inn mot Raufoss, og Toten Badeland. Først måtte vi vill-campe på ein rasteplass.
Kveldsmat.
Etter at vi reiste frå Hafsten vart det også ei veldig spesiell natt for Mariell. Ho bestemte seg nemleg for å gi vekk alle smokkane sine til leikekompisen, for han skulle til Dyreparken og besøke Kaptein Sabeltann. Vi har snakka lenge om at når Mariell vert 3 år, så skal ho sende alle smokkane til Kaptein Sabeltann. No bestemte ho seg for å sende dei sjølv, og det var ganske stilig. Sjølvsagt ombestemte ho seg etter ei stund, men då var det for seint. Det var litt skriking i vogna både om kvelden og natta då ho skjøna at ho måtte klare å sovne utan smokk, men det gjekk fint.
Toten Badeland var kjempeflott, (kan anbefalast!) og vi storkosa oss der heile dagen. Ei fin avslutning på ferien. Det var to slitne ungar i bilen den ettermiddagen, og medan ungane sov køyrde vi heilt heimatt, til langt på natt.
Til slutt. Nokre arbeidshender har fått kvile i nokre dagar.. Trur det gjorde godt med ferie, for det er jammen ei stund sidan sist.
No var det godt å kome heimatt, og sjølv om vi ikkje har hatt så mykje sol som vi hadde håpa, har vi hatt ein kjekk ferie. Ungane har storkosa seg, og kanskje til og med mest dei dagane det var regn og ruskevêr. Berre vi vaksne som lengtar etter litt meir sol. Men neste år vert det vertfall ein tur til varmare strøk! Om eg klarer å vente så lenge…
2 kommentarer:
Ser ut som dere har hatt en kjempe koselig tur! Og dere tar så flotte bilder bestandig. Moro å følge med her! :)
Mange flotte bilete frå det som virka å vere ein bra tur, trass litt mindre sol enn ein ynskjer seg om sommaren. :)
Legg inn en kommentar