tysdag, juli 03, 2012

Sommar!

IMG_1443

Idag vakna vi til strålande sol, og det var berre å hive seg rundt og nyte dagen mest mogleg. Vi fekk med oss Marion, Marken og Ronja, og gjekk på Brekkeheida. Mariell imponerte skikkeleg og gjekk utan noko hjelp omtrent. Ropte berre “ingen problem” av og til, og ville av og til ha ei hand å halde i på dei brattaste partia. Ho traska i veg og kosa seg skikkeleg. Marius og Marken gjekk først, og dei kom opp lenge før oss andre.

IMG_1445

Godt med litt kjeks på toppen.

IMG_1462

Etterpå tok vi oss ein tur til besta og besten, og fekk kjøle oss ned med eit bad i gummibåten ut på terassen. Alltid like stor suksess. Det er mange som har bada i den båten etterkvart…

IMG_1452 IMG_1453

Varme dagar, og seine kveldar….det er ikkje alltid like enkelt å få ungane innatt om kvelden når det er lyst og varmt i lufta. Det vart seint idag også, og dei hadde det så kjekt ute at det var nesten synd å avbryte dei.

IMG_1468 IMG_1469

Klatring på rundballar. Då det var leggetid prøvde dei å 0gøyme seg så eg ikkje skulle finne dei igjen…men det var ikkje spesielt vanskeleg å finne dei. Det var berre å gå etter lyden….Smilefjes

No håper vi berre på fleire slike nydelege dagar, med sol, varme og sommar!

2 kommentarer:

Lillabethos sa...

Så koselig! Du er flink å oppdatere bloggen din, og det er så kjekt å følge dere!

Randi sa...

Måtte vi få maaaange slike dagar og kveldar!! :)