torsdag, juli 12, 2012

På fjelltur på Helgehornet.

Etter at Mariell var så flink til å gå på Brekkeheida, tenkte eg at ho sikkert kom til å klare Helgehornet også. Det var bratt på slutten, men jammen klarte ho det. (Takk til Sverre Hustad som kom med ei diger bikkje bak oss…då var det ei som fekk opp farta!)

Kosa seg på tur, og trallar og syng. Klagar ikkje. Då går det an å vere på tur.

Marius merkar eg ikkje noko særleg av, han spring langt foran oss…

Me såg sånn passe galne ut på toppen…

IMG_1535

IMG_1527

Typisk Mariell å vere den som skulle sitte øvst…

IMG_1531

Marius ville gi vesle Ronja litt banan, og det var veldig fascinerande syntest Mariell.

IMG_1538

På vegen nedatt fann dei plutseleg på at dei skulle vere så gode vener. Marius ville halde Mariell i handa eit stykke så ho ikkje skulle ramle å slå seg. Tenk at eg rakk å forevige eit slikt øyeblikk, tenkte eg!

Marion, Marken og Ronja var turfølget vårt. Takk for turen! Kjempekjekt å ha godt selskap på vegen!

1 kommentar:

Randi sa...

Slett ikkje verst! :)