I går bestemte vi oss for at vi ville besøke Atlanterhavsparken (Akvariet i Ålesund), og ta ein tur på “Fjellstua” ovanfor byen. Besta og besten ville vere med, og meldingane viste gode 20 varmegrader.
Det var nesten for fint vêr til å vere inne på Akvariet, så vi var mest ute.
Ho frøkena her var ikkje akkurat pyse…Marius var litt meir forsiktig og ville ikkje ta i så mykje…
I aktivitetsrommet kunne ungane prøve å “fiske” krabber med ei snor med ei reke på. Det var spennande å sjå om dei ville ete av reka.
Dykkaren kom og mata fiskane, og vinka til Marius og Mariell.
Han klappa fiskane også, og ungane fryda seg og syntest det var veldig artig å sjå.
Det var ute det var mest spennande, og det hadde eigentleg ikkje så veldig mykje med fiskar og akvarium å gjere heller det som fenga ungane mest, nemleg å få rote med vatn! Ei fontene som stod og spruta fylde vatn nedi mange smale vegar mellom steinar, der ein kunne stengje dei forskjellige vegane med nokre plater slik at ein fekk demme opp vatnet, og så lage “fossar”, DET var spennande det.
På Fjellstua var det så flott idag. Nesten ikkje vind, berre deilig vind som kjølte oss godt ned når sola varma oss.
Fin utsikt over Ålesund og to blide småtroll. “SMIIIIL!!”
Etter å ha laga oss nok nervøse i trappetrinna på veg ned, der Mariell nekta å halde nokon i handa, kom ho seg heilskinna ned, utan å ramle ein einaste gong, men det første ho gjorde då me var nedkomne var å tryne, og kutte seg i handa. Men lite sure miner heldigvis. Mamma hadde med plaster, og då var smilet fort på plass igjen.
Frøkena vår, som nettopp har slutta med bleier, sørga også for at me ørten gongar måtte på leiting etter toalett, og ofte var det bomtur også, men ho klarte seg gjennom dagen utan uhell, så ho har byrja å få taket på det no. Mykje god underhaldning undervegs er det også.
Til slutt fekk eg og besta ta oss ei lita handlerunde på Ålesund Storsenter, så då vart det litt fleire fotballshortsar og “Hello Kitty”-klede i samlinga.
Begge småtrolla slokna fort i bilen på veg heim, med skrubbsår på knea, raude kinn og melis på skjortene. Ahhh…for ein bra dag!
Tusen takk for ein herleg tur ilag med dokke, besta og besten!!
1 kommentar:
Høyrest ut som ein veldig bra dag :) Artig på akvariet. Jentene våre er der kvart år med barnehagen, høgdepunktet. Vi har lova dei å reise utover ein ekstra tur i sommar. Vert aldri lei av å utforske alt der ute, og ikkje minst som du seier; det vatnet ute er suuuupert :) flinke Mariell som har slutta med bleier då, slett ikkje verst! Dei er så blide og fine, og så innmarig like begge foreldra sine!! :) Klem
Legg inn en kommentar