onsdag, september 12, 2012

Matheo Emilian, fødd 31. august 2012.

IMG_0319

(Foto: Christina Marie Dagfinrud)

Eg hugsar kor stolt eg var den dagen eg vart tante for første gong. Eg var ni år gammal, og fekk vite at broren min hadde fått ei jente. Det var stor stas, og eg ropte det frå altanen over til naboguten som ein kry hane. Christina vart nesten som ei veslesyster, sidan eg ikkje hadde småsysken, “berre” utflytta, voksne brødre.

Det er rart at det har gått 23 år…og det er ganske rart at Christina no har vorte mamma til ein nydeleg liten gut. Eg har vorte gamletante….! Litt rart ja.. Bror min er bestefar, og mamma og pappa har vorte oldeforeldre for første gong. For ei lykke! Kjenner oss så heldige.

No gler vi oss veldig til å få helse på denne vesle hjerteknusaren, som har adresse i Oslo. Blir nok litt farting mellom Ørsta og Oslo no framover.

Gratulerer så mykje til Christina og Thomas. Kos dokke med foreldrerolla.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Gratulere so mykje som gamletante :)
Kan tenke mej det e svært ;)

Anonym sa...

<3 fine ord! Tusen takk :) gler oss til å komme oppover.. -christina-