Når du arbeider som lærar er det ingen arbeidsdagar som er like. Nokre dagar i året er heilt spesielle, blant anna skidagane. Denne veka nytta vi oss av fineveret og hadde ein dag på Bondalseidet. Flott føre, sol og fornøgde elevar. Og så kjekt å sjå kor mange utviklar seg på ein slik dag. Det er det kjekkaste. Alle får vise ei heilt ny side av seg sjølv, og dei fleste er heilt annleis i skiløypa enn på skulebenken, og det er fantastisk å få slike dagar til å få kontakt på ein heilt ny måte.
Eg fekk tid til å ta litt actionbilete også, av både elevar og kollegaer.
Luftige svev på “Big jump”.
4 kommentarer:
Kule bilete, Anette!! :D
Kule bilete, Anette!! :D
Ps, har ofte problem med å få publisert kommentar på bloggen din. Denne gongen vart det derimot då dobbelt i staden... Jaja. ;)
Hm, merkeleg at det skal vere slik, men har opplevd det på andre bloggar eg også..av og til vil det berre ikkje.
Veit ikkje heilt korleis eg kan gjere noko med det heller..:-/
Men takk for kommentarar, Randi! Kjempekoseleg:-)
Legg inn en kommentar